«Julestjerna» blir synleg for første gong på 800 år

I år kan menneske over heile verda oppleva eit aldri så lite astronomisk julemirakel, berre nokre få dagar før julaftan.

Du har sikkert høyrt historiar om Betlehemsstjerna.

I følgje Bibelen lyste den opp himmelen den natta Jesus vart fødd, og viste veg for dei tre vise menn.

I år er det første gong sidan middelalderen at dei to planetane Saturn og Jupiter står så nærme kvarandre, at dei to til saman dannar noko som ser ut som ei julestjerne, skriv NRK i ei sak.

«Julestjerna»

Hendinga har fått det passande namnet «Julestjerna», og vil vera synleg den 21. desember.

Dessverre for nordmenn skal den doble planeten vera best synleg om ein er i nærleiken av ekvator, men det skal likevel vera moglegheiter for å sjå den frå heile jorda.