– Thorbjørn Egners fortelling om dei tre røvarane er alltid aktuell og det er ei fryd å gi animert liv til denne klassikaren. Eg vil ta vare på det alle kjenner så godt frå før, og samtidig gi historia ei leiken energi, seier regissør Rasmus A. Sivertsen i ei pressemelding.
I ein animasjonsfilm jobbar dei som lagar filmen med at det skal sjå ut som teiknefiguren bevegar seg som eit ekte menneske eller dyr.
Studioet som lagar den nye filmen, står også bak filmar som mellom anna «Dyrene i Hakkebakkeskogen», «KuToppen»-filmane og «Kaptein Sabeltann og den magiske diamant».
Filmen «Folk og røvere i Kardemomme by» kjem på kino jula 2022.
Håp for kommande generasjonar
– Me har store ambisjonar med filmen og er veldig stolte over å få laga filmar som blir ein del av barn si oppvekst. Gjennom ei oppfrisking av filmen, vil dei kommande generasjonane også få eit nært forhold til Egner sitt fantastiske univers, seier produsent Sandberg i pressemeldinga.
Filmen vert filma i «Kardemomme By» i Dyreparken. Det er Dyreparken stolte av å vera en del av.
– Der er veldig kjekt at filmen blir filma her i Dyreparken, seier Per Arnstein Aamot, som er administrerande direktør.