Instruktør i Ung Husflid: – Me er inne i eit generasjonsskifte

Ung Husflid opplever auka interesse.

– No for tida er det ikkje så mange som har foreldre som strikkar. Då eg var ung, såg me på mødrene våre. Slik er det ikkje lenger, men eg trur at me er inne i eit generasjonssskifte, som godt kan ha blitt påverka av Korona-pandemien.

Det seier Turid Eik, som er instruktør hjå Ung Husflid i Kristiansand. Ho fortel at dei har fokus på garn, og at borna skal få skapa noko som er varig.

– Det lyser i augo på borna når dei har gjort noko ferdig. Dei er så stolte fordi dei har laga noko heilt sjølv.

Handarbeid: På Ung Husflid lærer born og ungdom mellom anna å veva. Foto: privat

– Ønskjer å skapa noko med hendene

– Dei som er foreldre til dagens barn, har ikkje vore så veldig opptekne av strikking. Det handlar kanskje om at alle er så opptekne av det som er digitalt, og at me ikkje har tid.

Mykje heimetid det siste året, trur ho har fått vaksne til å ta fatt i strikkepinnane.

– Eg trur verkeleg at det ligg noko i oss som gjer at me gjerne ønskjer å skapa noko med hendene. Når du først startar med handarbeid, er erfaringa mi at tida går fort.

Ho fortel at Ung Husflid kan anbefalst til alle born som likar å vera kreative.

– Der kan ein møtast for impulsar og idear. Eg vil også anbefala å ta kontakt med bestemødre eller å sitja saman med ein vaksen.