Amalie (13) sin hobby er strikking: – Mange fleire unge burde driva med det

Garnbutikkane i Noreg har merka ei tydeleg auke av folk som vil strikka det siste året. Men er det slik at det berre er for vaksne? Nei, meiner Amalie Aanestad Olsen (13). 

Amalie sine tips til deg som vil læra å strikka:
  • Kom i gang og ikkje berre tenk på det.
  • Lær av andre som har strikka før. Det kan vera venner, foreldre, besteforeldre eller andre i livet ditt. 
  • Bruk internett. Der kan du finna tips, triks og oppskrifter. På Youtube kan du læra deg alt du treng å vita om strikking, dersom du ikkje har nokon i nærleiken som kan læra deg. 
  • Kjøp ulike typar garn, med ulike fargar. Det kan fort bli litt kjedeleg om du strikkar med den same fargen heile tida.
LES FAKTALUKK FAKTA

–  Strikking passar for alle. Det er eigentleg veldig dumt at mange tenkjer på strikking og gamle damer, for det er ein gøy hobby, seier Amalie Aanestad Olsen.

Koronaåret 2020 har ført til at fleire vaksne har starta å strikka. Amalie skulle gjerne sett at det same skjedde hjå dei yngre.

– Mange fleire born og unge burde hatt strikking som hobby. Eg har ikkje mange vener som driv med med det. Det hadde vore så kjekt om me var fleire, slik at me kunne gjort det saman, seier ho.

Storproduksjon: – Eg hadde ein periode der eg hadde eit veldig oppheng i å strikka luer. På nokre veker hadde eg strikka 10 stykke, seier Amalie.

– Måtte tenkja alternativt

Ho fortel at ho ikkje synest at det er noko rart at mange vaksne har starta med strikking no.

– 2020 var jo eit år der me ikkje kunne vera lika sosial som me pleier. Me skulle treffa færre folk, og då måtte me finna på andre ting enn det me normalt gjer.

For å ha noko å gjera, laga familien hennar hobby-kveldar heima.

– Me måtte tenkja alternativt. Derfor trur eg at det er blitt mykje meir populært å strikka no.

Men Amalie er ikkje ein av dei som starta med strikking grunna korona. Ho fortel at ho har strikka heilt sidan ho var seks år gamal.

Lettast og vanskelegast: Amalie fortel at det lettaste prosjektet hennar var gruteklutar. Det vanskelegaste har vore sokkar. – På sokkane var det eit flettemønster. Og så er hælen utfordrande, seier ho.

Frå gryteklutar til sokkar

– Eg var på haustferie hjå mormor, og der skulle ho læra søskenbornet mitt å strikka. Eg syntest at det såg veldig gøy ut, så eg slang meg med.

Det gjekk ikkje lang tid før ho var i gong med sine eigne prosjekt. Pulsvarmarar og gryteklutar vart fort til meir avanserte prosjekt som sokkar og tøfler. Ho meldte seg også inn i Ung Husflid, der dei mellom anna lærer å strikka, tova og veva.

– Etter at eg lærte det grunnleggjande av mormor, har eg fått hjelp av mamma og Ung Husflid, og så har eg lært masse triks på YouTube.

Ung Husflid over heile Noreg

Ung Husflid er Noregs Husflidslag si barne- og ungdomssatsing. Over 100 lokallag har eigne barne- og ungdomslag. Sjå Unghusflid.no om det er ei gruppe der du bur!