I dag er Jordas dag

Temaet for dette årets Jordas dag er «Restore our Earth» og fokuset er på naturlege prosessar, grøn teknologi og idear som kan fiksa jorda sine økosystem.

Jordas dag er ei merkedag der me hyllar Jorda. Den finn stad den 22. april kvart år, og rettar merksemda vår mot miljøproblem.

Earthday.org organiserer markeringar av dagen i meir enn 190 land i verda. I år som i fjor, blir dagen markert digitalt.

I livesendinga kjem det til å vera panel-diskusjonar og digitale verkstader, der tema mellom anna er naturlege prosessar, grøn teknologi og framtidsretta idear.

– Saman kan me «Restore our Earth»

Mellom anna vil verdsleiarar, aktivistar, kunstnarar, musikarar, påverkarar og morgondagens leiarar snakka om korleis me kan jobba for å gjere Jorda til ein betre plass.

– Saman kan me unngå framtidige katastrofar og øydeleggingar. Saman kan me «Restore our Earth», skriv dei på Youtube.

Følg direktesendinga her frå kl. 18.00: