Byggjer Jesus-statue som blir større enn denne

No vert ei ny, storslått Jesus-statue reist.

Jesus-statuen i Rio kan sjåast frå store deler av byen. Foto: Colourbox

Statuen, som har fått namnet «Kristus Beskytteren», skal vera 43 meter høg då den etter planen står ferdig i løpet av 2021, skriv VG.

Det er fem meter høgare enn den verdskjende «Kristus Frelseren», som står på toppen av det 700 meter høge fjellet Corvado i Rio de Janeiro.

Trist bakteppe

Den nye Jesus-statuen vert bygd i Ecantdos, som er ein by langt sør i Brasil. Den minner om Rio-statua, då den er høg, viser Jesus og har begge armane rekt ut til sida. Nyleg vart både hovudet og armane til statuen montert opp.

VG skriv at det eit trist bakteppe rundt den nye Jesus-statua. Den greidde nemleg ikkje å beskytta kunstnaren bak ideen, Adrolado Conzatti.

I mars døydde han etter å ha blitt smitta av koronaviruset.