Første barnebok etter «Harry Potter»

Til hausten kjem den første barneboka frå J.K Rowling, som ikkje er knytt til Harry Potter-universet.

– Det er ei stor hending at J.K. Rowling no kjem med si første barneroman etter Harry Potter. Me gler oss til å dela denne varme, spennande og fina historia med norske lesarar. «Julegrisen» har klassikar-kvalitetar som vil engasjera og røra ved lesarane.

Det seier redaksjonssjef i Cappelen Damm, Hege Eikenes Randen, i ei pressemelding.

Boka handlar om kjærleiken ein gut har til kjæledyret han er aller mest glad i, og kor langt han vil gå for å finna det att.

Fortelling for heile familien

– Fortellinga gjer lesaren varm om hjarta, samtidig som handlinga er så spennande at boka er vanskeleg å leggja frå seg. Dette er ei fortelling heile familien kan kosa seg med, skriv forlaget i pressemeldinga.

Boka er ei enkeltståande bok, og har derfor ingen samanheng med J.K. Rowlings sine tidlegare bøker. Forfattaren er utan tvil mest kjend for å stå bak dei sju Harry Potter-bøkene, som er solgt i over 500 millionar eksemplar over heile verda.

Det norske forlaget hennar, Cappelen Damm, skriv i pressemeldinga at boka skal publiserast samtidig i fleire land, og kjem ut på over tjue ulike språk.