Første Lucky Luke med mørkhuda helt

Det har gått sju tiår sidan den første Lucky Luke-teikneserien vart publisert. Først no er det ein mørkhuda helt.

Foto: Egmont Norge

I dei nesten 80 nummera av Lucky Luke som er publisert dei siste sju tiåra, har det berre vore teikna mørkhuda karakterer ein gong.

Dei var at det rasistiske slaget. Men no skjer det endringar.

For aller første gong er no teikneserien teikna med ein mørkhuda helt.

«Cowboy i bomull»

Skaparen av serien, Julien Berjeaut, seier til New York Times at han vart uroleg då han reflekterte over fråværet til mørkhuda karakterer i Lucky Luke.

Han bestemte seg for å gjera noko med det, og resultatet er historia om Lucky Luke og nyleg frigjorde slavar på ein plantasje i Louisiana.

«Cowboy i bomull» var lansert på fransk i fjor, men no kjem den også på norsk og engelsk.

Foto: Egmont Norge

Bass Reeves – den første afroamerikanske depudy marshal

Den tek oss med inn i sørstatane i USA, der slavane er frigitt.

Lucky Luke arvar ein stor bomullsplantasje, og vil dela den mellom dei tidlegare slavane som jobba der.

Dette fell ikkje i god jord, og Lucky Luke får hjelp av Bass Reeves. Han er den første afroamerikanske depudy marshal vest for Misisippi – og den første mørkhuda helten som får plass i den kjende teikneserien.