Margrethe er med i Kompani Lauritzen: – Eg elska å vera i det strenge regimet

Margrethe Røed er aktuell i årets utgåve av «Kompani Lauritzen». Ho fortel at det er det sjukaste ho har vore med på.

– Det var slitsamt, skummelt, stressande og gøy på same tid. Me fekk aldri fred frå befalet, og me visste aldri kva me gjekk til av utfordringar, skriv Margrethe Røed i ein e-post til Framtida Junior.

Programleiaren er med i årets sesong av «Kompani Lauritzen» på TV 2, som vart spelt inn i sommar. Ho fortel at deltakarane kunne gå timevis med megatunge sekkar, at dei måtte halda fullstendig orden og gjera mange ting dei var redde for.

– Det største ønsket vart til slutt å få litt skryt av befalet som var så strenge med oss heile tida, seier ho.

Befalet er leiarane i militæret, og leiarane til deltakarane i Kompani Lauritzen. Noko av det beste med opphaldet hennar, var å bli kjend med dei andre deltakarane. Ho greidde også å overraska seg sjølv.

Margrethe fortel at ho skulle ønska at me kunne brukt pengar på å jamne ut skilandane i verda i staden for å bruka masse pengar på militæret. – Tenk så fint om me hadde samarbeida. Men når det er slik det er, skjønnar eg at me må ha militæret. Det er eit veldig fint samhald i militæret, der alle hjelper kvarandre fram, seier ho.

– Heilt vilt kor mykje me har å hente av energi

– Å kjenna at eg faktisk greidde å pusha meg til ting eg aldri trudde eg kom til å gjera, var ei befriande kjensle.

Ho fortel at ho lærte mykje av opphaldet på Setnesmoen. Mellom anna at ein eigentleg ikkje er sliten når ein trur at ein er det.

– Når ein verkeleg er utsliten, har me kanskje berre brukt 20 prosent av det kroppen har å gi. Det er heilt vilt kor mykje me har å hente av energi som me trur me ikkje har, fordi me lever så avslappa liv til vanleg.

Merkeleg nok elska Margrethe å vera i det strenge regimet. Men ikkje nok til å endra yrke.

– Eg trur at eg har det best i den jobben som eg har. Eg hadde nok aldri blitt ein tøff nok soldat.

Troppen i sesong 2 av Kompani Lauritzen.