Veit du kvifor me brukar både nynorsk og bokmål i Noreg?

Visste du at menneska i Noreg snakka norrønt i vikingtida? Det haldt dei fram med heilt til svartedauden kom på 1300-talet. 

Då Noreg kom i union med Danmark, vart språket i Noreg meir likt dansk. I 1814 vart Noreg eit eige land, og det typisk norske vart viktig for oss.

Mange ville at me skulle ha vårt eige språk, men det var usemje om kva språket skulle vera.

Men så dukka Ivar Aasen og Knud Knudsen opp.

Dialekt eller fornorsking av det danske språket

Aasen ville at me skulle ha eit skriftspråk som var likt dialekten til folk i Noreg. Knudsen ville på den andre sida at me skulle fornorska det danske skriftspråket.

Slik enda me opp med både nynorsk, som er likt dialektane til det norske folk, og bokmål, som er fornorsking av det danske skriftspråket.

Les også: Færre elevar skriv nynorsk – Anna og Tirild meiner me må ta vare på språket