Færre elevar skriv nynorsk – Anna og Tirild meiner me må ta vare på språket

Over 74 000 elevar skriv nynorsk i grunnskulen. Talet minka med litt over tusen elevar sidan førre skuleår. Men i nye Sogndal kommune er det 13 fleire enn før.

– Det er litt kult at det er fleire i Sogn som skriv nynorsk no enn før, seier dei to 6. klassingane Anna Felde Hasund og Tirild Ramstad Os.

Dei er elevar i nye Sogndal kommune, fortel at dei skriv og les på nynorsk. Men det er litt rart, for Tirild snakkar ikkje sognemål. Ho har nemleg austlandsdialekt.

– Pappaen min er frå Nordfjordeid og mamma er frå Kaupanger, så ingen av dei er frå Austlandet, seier Tirild og held fram:

– Broren min snakkar sognemål, så eg veit ikkje kvifor eg har starta å snakka austlandsk. Men eg skriv på nynorsk, seier ho.

Anna og Tirild synest at det er rart at det er så stor skilnad mellom dei to skriftspråka våre. Foto: Marte Husabø

– Me må ta vare på nynorsken

Jentene har fått med seg at det er fleire på Austlandet som tykkjer at nynorsk kan vera utfordrande, og at nokre vil at me berre skal halda fram med bokmål.

– Eg skjønar at nynorsk kan vera vanskeleg. Men det er dumt at nokon vil at me skal slutta med nynorsk. Me må få ha vårt skriftspråk, så kan dei ha sitt og så kan me forstå kvarandre, seier jentene.

– Me må ta vare på nynorsken, seier Tirild. Anna nikkar samd.

– Men kvifor skriv me eigentleg både på bokmål og på nynorsk i Noreg? 

Det synest dei to jentene det er vanskeleg å svara på. Og det er fullt forståeleg.

Les denne for å finna ut grunnen: Veit du kvifor me snakkar både nynorsk og bokmål i Noreg?