Vaksinen gir grunn til optimisme

Israel og Storitannia er av landa i verda som har vaksinert flest innbyggjarar mot korona-viruset. Tala viser at det er grunn til optimisme.

Statsministeren i Storbritannia, Boris Johnson, melder på Twitter at 20 millionar av dei om lag 67 millionane i landet no er vaksinert.

Det tilsvarer om lag 30 prosent av innbyggjarane i landet.

Færre blir lagt inn på sjukehus

Tala frå dei to landa gir oss grunn til optimisme, då effekten av vaksinen mellom anna gjer at færre vert lagt inn på sjukehus, i følgje Folkehelseinstituttet (FHI).

Eit bilde på optimismen i Storbritannia, er at Boris Johnson no har gått ut med tilbod om å ta eit større arrangøransvar for kampar i fotball-EM som skal spelast i sommar, skriv NRK.

Sluttspelet skal starta den 11. juni, og kampane skal etter planen spelast i tolv land i Europa.