– Ikkje kast munnbind på bakken!

Miljøagent Iben Zinöcker (8) er lei av nedtråkka munnbind som ligg på bakken. Ho ønskjer at alle kastar brukte eingongsmunnbind i søpla i staden for i naturen.

FAKTABOKS:
  • Dei fleste munnbind inneheld plast. Plasten kan vera i strikken eller i sjølve munnbindet.
  • Munnbind skal kastast i restavfallet, både på grunn av fare for smitte og fordi dei er vanskelege å gjenvinna.
  • Menneske får i seg rundt 5 gram plast kvar veke! Det er den same vekta som eit bankkort. Heldigvis bæsjar vi mesteparten ut igjen.

(Kjelde: Miljøagentane)

LES FAKTALUKK FAKTA

Munnbind som hamnar i naturen er eit stort problem. Iben frå Nesodden blei så lei av å sjå munnbind på bakken at ho bestemte seg for å laga ein plakat der ho oppfordra folk til å kasta munnbind i søppeldunken.

– Eg skreiv at munnbind kan skada dyr ved at strikken viklar seg rundt halsen deira. Det er også enkelte dyr som kan eta dei. Det beste er å finna ein søppeldunk – eller ta det med deg heim og kasta det der, seier ho.

Vårryddedagen

Iben sendte plakaten til Miljøagentane som la den ut på nettsida si, men ho tok også turen til eit kjøpesenter for å henga plakaten på informasjonstavla der.

– Der var det nokre vaksne som sa til barna sine at det berre var tull. Dei snakka lågt, men eg høyrde det. Men det var andre som sa at det er bra at eg bryr meg, fortel ho.

  1. mars er den store vårryddedagen som blir arrangert av Hald Noreg Reint og Miljøagentane. Den dagen blir alle i heile Noreg oppfordra til å plukke søppel der dei bur.

– Det skal eg bli med på! seier Iben.

1,5 milliardar munnbind

Eirik Lindebjerg, som er leiar for plastarbeidet i WWF Verdas naturfond, er einig i det Iben seier. Hanveit ikkje kor mykje ekstra plast som hamnar i naturen grunna korona, men alt tyder på at det er mykje.

EINIG MED IBEN: Eirik Lindebjerg, som er leiar for plastarbeidet i WWF Verdas naturfond, er einig med Iben. – Ikkje kast munnbind på bakken etter bruk, seier han. Foto: Geir Barstein / WWF Verdens naturfond

– Vi veit ikkje akkurat kor mykje meir, men ifølgje ein rapport frå ein organisasjon som heiter Oceans Asia, hamna meir enn 1,5 milliardar munnbind i havet i 2020. For å verna oss mot smitte, må vi ofte bruka ulikt utstyr laget av plast som berre skal brukast ein gong. Mykje av dette hamnar i naturen, fortel han.