Synest barn at korona-vern er skummelt?

Kva skjer når barn skal inn på sjukehuset, og møter legar og sjukepleiarar med masker og verneutstyr?

Heldigvis er covid-19 lite farleg for barn. Men korleis blir barn påverka av alt det andre som har forandra seg sidan koronaen kom?

Til dømes har vaksne byrja å bruka munnbind. Og på sjukehusa må legane og sjukepleiarane av og til ha på seg meir verneutstyr. Korleis reagerer barn på det?

Det hender at barn må inn på sjukehuset for å ta ein operasjon. Det kan jo vera ganske skummelt i seg sjølv. Synest barna det er ekstra skremmande når legane og sjukepleiarane er kledde i masker og draktar som skal verne mot koronaviruset?

Den engelske forskaren Charlotte Berwick og samarbeidspartnarane hennar har prøvd å finna ut av dette, skriv Ung.Forskning.no.

Undersøkte barn

Forskarane studerte 63 barn mellom 2 og 16 år, som skulle bli bedøvd slik at dei sovna før ein operasjon. Halvparten av barna hadde fått ein roande medisin først, for at dei ikkje skulle bli redde då legane i smittevernutstyr kom for å gi dei bedøvelsen.

Den andre halvparten av barna hadde ikkje fått roande medisin. Vart dei meir skremt av legane? Nei! Barna i begge gruppene var faktisk veldig lite redde.

Barn som svarte på ei spørjeundersøking, svarte at vernutstyret faktisk fekk dei til å føla seg trygge og fornøgde. Det var ikkje eit einaste barn som svarte at det var skremmande med masker og drakter.