Ny vaksine mot Malaria grunna korona-forskning

Teknologi bak dei nye RNA-vaksinene mot koronaviruset, har ført til eit mogleg gjennombrot i kampen mot Malaria.

– Det er truleg det høgste nivået av vern mot ein sjukdom som er sett ved testing på mus. Det seier Richard Bucala, som er professor i medisin til The Academic Times.

Han har testa ein ny vaksine på laboratoriemus, som har vist seg å gi svært godt vern mot Malaria, skriv NRK.

229 millionar smittetilfelle i 2019

Malaria er kjent for å vera ein av verdas mest dødelege sjukdommar, og det har vore vanskeleg å utvikla ein vaksine som fungerer optimalt.

Sjukdommen skuldast parasittar som vert overført til blodet når myggen bit. Parasittane inneheld eit protein som hindrar produksjonen av celler i kroppen som utviklar immunitet.

Verdas helseorganisasjon (WHO) registrerte at 229 millionar vart smitta av Malaria i 2019. 409.000 av desse, døydde av sjukdommen.