Stilte spørsmål til politikarane: – Skulle gjerne likt at dei var meir konkret

Dina Lau-Henriksen (13) frå Miljøagentene stilte spørsmål til politikarane om den nye klimaplanen til regjeringa.

Klimaplanen til regjeringa
  • Staten og alle kommunar skal berre kjøpa elbilar frå 2022.
  • Frå 2025 skal alle bybussar ha null utslepp.
  • Det skal bli mykje dyrare å sleppa ut klimagassar. Prisen per tonn CO2 gå opp frå 590 kr i år til 2000 kr i 2030.
  • Regjeringa har ein plan om å kutta 45 prosent av utsleppa innan ti år.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg var litt nervøs, men eg fekk stilla spørsmål som var viktige for meg, seier miljøagent Dina Lau-Henriksen (13).

– Ei undersøking gjort av Redd Barna viser at over halvparten av born og unge er ikkje nøgd med det politikarane har gjort for å stoppe klimakrisa. Erna Solberg – trur du at den nye planen kan endra på det? spurte Dina.

– Gøy at mange ville svara

Statsministaren fortalde at ho håpar at denne planen viser at politikarane har heilt konkrete ting som skal gjerast for å gjennomføra kutt i Noreg. Ho fortalde også at det var viktig for dei at norsk ungdom kan oppleva å ha arbeidsplassar og velferd, slik som foreldra deira har opplevd. Også andre politikarar ville svara Dina.

– Det var veldig gøy. Men eg skulle gjerne sett at dei var litt meir konkret.

Ho seier at den nye planen verkar lovande.

– Det er definitivt ein framgang. Eg synest det er godt at dei har ein plan, seier Dina. Her er ho saman med statsminister Erna Solberg. Foto: Wanda Nordstrøm/ Miljøagentene

– Det handlar om framtida vår

– Det er veldig bra at dei har ein plan og ikkje berre eit mål. Mål er veldig lett å droppa. Eg synest at det er mykje bra i planen for dei komande åra, men samtidig må me gjera meir.

Miljøagenten er glad for at born får bruka stemma si i pressekonferansar.

– Eg trur det er veldig viktig at me er der. Det er veldig få av dei store media som spør spørsmål frå perspektivet til born og unge, seier ho og legg til:

– Det er viktig at me får lov å vera med, det handlar jo om framtida vår.