Leita etter spor i snøen – trudde dei hadde oppdaga ein ny art

Har du sett spor når du er ute i skogen, og lurer på kva dyr som har vore der? Speidarane Oline (12) og Tobias (11) fekk sjå fleire ulike spor då dei var på sin første sporleitetur.

Tips frå speidarane til båltenning

Dersom det er laga til bålplassar der du skal tenna opp bål, bør du bruka dei for å unngå at det blir stygge sår på bakken. Viss det er langt utanfor alle stiar, kan ein tenna bål på snøen. Uansett er det viktig å ta omsyn også om vinteren, for alt kjem fram når snøen forsvinn.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me fann spor frå både hare og rev. Og så lurte me på om me hadde funne ein ny art, seier Oline Skau Åset og Tobias Gjerde Wilson.

Den nye arten hadde spor som såg ut som dei kom frå ein hare. Dei var berre mykje større!

– Me trudde det var ein kjempehare. Men så visste det seg at det berre var ein hund som hadde vore der, seier dei to speidarane og ler.

Nyleg var Oline og Tobias saman med speidargruppa si for å leita etter spor i nærmiljøet der dei bur. Dei fekk utdelt eit ark med spor og centimetermål, og så fekk dei beskjed om å gå utanfor løypene der folk flest er på tur.

– Me hadde med oss ein speidarleiar som me kunne spørra om hjelp, om me fann spor som me var usikre på.

På tur: Tobias og Oline meiner at det beste med å vera med i speidaren er overnattingsturar, å ta merker, sjå nye plassar og sitta rundt bålet. Sistnemnde fekk dei lov til då dei var på sporleitetur. Foto: Privat
Rev: Dette er mest truleg spor frå rev. Typisk kjenneteikn for den er at den går på ei rett linje. Foto: Marte Husabø

Kult å sjå spora til reven

– Det var ein fin tur, og me hadde veldig fint føre. Det var ein del nysnø, slik at me kunne sjå spora, seier dei to speidarane.

Dei måtte ikkje gå langt for å finna spor etter fleire ulike dyr i naturen.

– Me gjekk opp ein del bakkar, kanskje to kilometer, seier Oline.

Sjølv om dei ikkje gjekk særleg langt, fann dei mykje spennande. Dei er enig om at det var ekstra stas å finna spor etter rev.

– Det var veldig kult at det hadde vore rev der, det var ingen av oss som hadde forventa det.

No håpar speidarane på fleire turar der dei kan sjå kva dyr som bur i skogen.

– Det var moro å prøva noko nytt, seier dei.

Sporkart: Speidarane hadde med seg dette kartet for å finna ut kva dyr spora stamma frå. Foto: Store norske leksikon