Vi søv kortare når det er fullmåne

Er det enkelte kveldar der du ikkje får sova? Då kan det hende at fullmånen ha skulda.

FAKTA: Fullmåne
  • Fullmånen er ein av dei fire fasane til månen. Månefasane er delt opp etter kvar månen er plassert i forhold til sola og jorda.
  • Ved fullmåne ligg jorda akkurat mellom månen og sola, og vender derfor heile solsida mot oss. Det er derfor vi ser heile månen på éin gong.
  • Månen vil alltid vera meir eller mindre belyst av sola – med unntak av måneformørkingar sjølvsagt.
  • Fullmåne er ikkje eit spesielt sjeldan fenomen. Vi ser den ganske ofte. Det tar cirka 29 dagar for månen å gå gjennom dei fire fasane. Det betyr at vi har ein fullmåne minst éin gonger kvar månad. Den neste fullmånen i Noreg er 27. februar 2021.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Amerikanske forskarar har sett nærare på om vi søv dårlegare når det er fullmåne. Dei har undersøkt korleis urfolk i Argentina og collegestudentar i USA søv når det er fullmåne, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarane valde ut 98 menneske frå urbefolkninga i Argentina som fekk delta i forsøket. Dei måtte sova med målarar rundt handleddet som registrerte søvn og kva tid dei var vakne.

Deretter gjentok forskarane forsøket med over 400 studentar frå storbyen Seattle i USA.

Grunnen til at forskarane valde urfolka i Argentina og studentane frå storbyen, var fordi dei har ulik tilgang til elektrisk lys. Dette påverkar nemleg søvnen vår.

Sov nesten ein time kortare

Forsøket viste at dei som ikkje hadde tilgang til elektrisk lys, var mest påverka av fullmånen. Dei sov faktisk 58 minutt kortare nettene fram mot fullmånen.

Kanskje ikkje så rart, sidan månelyset er sterkare jo nærare fullmåne vi kjem. Det kan derfor kjennast naturleg å legga seg seinare då.

Studentane vart òg påverka av månelyset, men ikkje like mykje som urfolka. I Seattle vart nemleg lyset frå månen blanda med elektrisk lys frå byen. Likevel fann forskarane at dei òg sov kortare.

Forskarane meiner derfor at det ikkje berre er på grunn av månelyset at vi er meir vakne. Dei meiner at fullmånen påverkar søvnen vår fordi det ligg biologisk djupt i oss. Dei trur det har vore slik sidan forfedrane våre trong å vera vakne og utnytta månelyset når dei skulle jakta eller verna seg sjølv.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)