Verdas første miljøflyktning

Ein mann frå Bangladesh, skal vera verdas første som får status som miljøflyktning frå heimlandet sitt. Mannen har astma og kan ikkje opphalda seg i det forureinsa landet.

– Eg kom til Frankrike i 2011 som politisk flykting. Her har eg utvikla ein alvorleg luftvegssjukdom og no greier eg ikkje å sova utan pustemaskin, seier mannen som vil vera anonym i ei sak hjå NRK.

Etter nesten 10 år i Frankrike, ville dei franske myndigheitene senda han heim til. Men det blir ikkje noko av, då ei ankedomstol har gjort om på vedtaket.

Grunnen er luftforureinsinga i Bangladesh. Hyppige straumbrot og varmen, vil også gjera det vanskeleg å drifta pustamaskina mannen trenger for å overleva.

20 millionar migrantar

– Me er på terskelen av ein ny æra, med millionar av mijlømigrantar, seier FN.

FN meiner at om lag 20 millionar menneske migrerte til andre land grunna naturkatastrofar i fjor. Dei meiner at det hastar å ta klimaendringane på alvor.

– Me veit kva løysningane er. Dei er kjente og tilgjengelege, men me må må gjera noko raskare og i større skala enn det er gjort til no.