Donald-blad selt for ein liten pengebinge

Det dyraste Donald-bladet som nokon gong er selt i Noreg, var frå 1948. Bladet kosta 50 øre då det vart kjøpt i butikken.

Den nye eigaren ville vera anonym då bladet vart selt på auksjon i 2014, men kan neppe ha vore like gjerrig som Onkel Skrue.

Bladet vart nemleg selt for 122.500 kroner, skriv TV 2.

Nesten ny rekord

Også no nyleg vart eit Donald-blad selt på auksjon. Det vart selt av Skanfil Auksjonar, og kjøparen måtte ut med ein stor sum for å sikre seg bladet.

Det vart ikkje ny rekord, men nesten. Bladet som også var frå 1948, vart solgt for 110.725 kroner.