Militærkupp i Myanmar

Hæren i Myanmar har tatt makta i landet. Aung San Suu Kyi, som er leiaren av landet og fredsprisvinnar, er pågripen.

Det var i november i fjor at partiet Nasjonalligaen for demokrati (NDL), som er leia av Aung San Suu Kyi, vann valet i Myanmar. Dette var det andre valet etter nesten 50 år med militært diktatur i landet, skriv VG.

I etterkant har militæret tatt avstand frå valet. Nesten som då Donald Trump tapte i USA, har militæret skulda på valfusk for at dei ikkje stakk av med sigeren.

Aung San Suu Kyi, som er leiaren av landet og fredsprisvinnar, er pågripen av militæret. Foto: Wikimedia Commons / CC BY-SA 2.0-lisens

Militæret skuldar på valfusk

– Militæret hadde nok trudd at dei skulle vinna, men det gjorde dei ikkje. Årsaken til at kuppet skjer no, er at den nye demokratisk valde nasjonalforsamlinga skulle møtast, seier professor ved MF vitenskapelig høyskole, Iselin Frydenlund til VG.

Myanmars hærsjef, Min Aung Hlaing skal no leia landet, medan visepresidenten Myint Swe skal rykka opp til å bli fungerande president, har hæren uttalt.

Dei har no innført unntakstilstand i eitt år, skriv Nettavisen.

Maktovergangen er naudsynt for å bevara stabiliteten i landet, stod det i meldinga som vart lesen på ein fjernsynskanal i landet måndag morgon.

Noreg er mot kuppet

Noreg er eit av landa som er mot militærkuppet, og krev at Aung San Suu Kyi og andre politiske leiarar vert lauslatne.

– Den militære leiinga i landet må lauslata landets demokratisk valde leiing. Partane må finna ei fredeleg løysing gjennom dialog og respekt for demokratiske prinsipp og godt styresett, skriv Noregs utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) på Twitter.