Blir det for dyrt for nokon barn å vera med på idrett?

Det er store forskjellar i kva barn og unge gjer på fritida i Noreg, ifølgje forskarar. Det kan ha noko med kor mykje pengar foreldra har.

Noreg er eit land der det er lite forskjell mellom folk, samanlikna med mange andre stader i verda. Likevel er det ein del forskjell på oss, både når det gjeld kor mykje pengar vi har og kor lenge vi går på skule, skriv Ung.Forskning.no.

Norske forskarar har studert barn og unge mellom 12 og 18 år.

– Vi hadde lyst til å få ei oversikt over kven det er som deltar i organiserte fritidsaktivitetar. Er det forskjell på kva unge gjer etter skuletid etter kor mykje ressursar foreldra har?

Dette fortel Sigurd Eid Jacobsen, ein av forskarane som har gjort Ungdataundersøkelsen. Det er ei undersøking som blir gjort blant unge i nesten alle kommunar i Noreg.

Fekk mange spørsmål

Det er ikkje så lett å spørja barn og unge kor mykje pengar foreldra deira har. Derfor har dei til dømes spurt om familien har bil, kor mange PC-ar dei har heime, kor mange soverom dei har. Dei har òg spurt om foreldra har høgare utdanning og kor mange bøker dei har heime.

Forskarane fann ut at barn og unge som har foreldre med meir pengar og høg utdanning oftare er med på organiserte fritidsaktivitetar etter skulen. Dei går oftare i idrettslag, korps og kulturskule.

Dei som har foreldre som ikkje har så mykje pengar eller høg utdanning, går oftare på fritidsklubbar. Jacobsen trur at nokon av desse forskjellane kan forklarast med at det kostar ein del pengar å gå på aktivitetar.