Spikra og selde over 60 juletre

Lukas Berge-Olsen (13) hadde planlagt å selje 15 juletre han og veslebror Leo (10) spikra saman av plankar. Då julemessa blei avlyst grunna korona, la dei juletrea ut på Facebook. Det enda med 60 bestillingar.

FAKTA: JOBB
  • Folk under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid.
  • Viss familien driv gard, kan barn under 13 år hjelpe til med for eksempel potethausting, bærplukking og lett stell av dyr. Dette blir ikkje rekna som arbeid i lova.
  • Viss du har fylt 13 år kan du utføre “lett” arbeid.
  • Er du 13 år, så kan du få frikort å tena opp til 60.000 kroner i året utan å betala skatt.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det byrja året før då eg tenkte eg skulle lage ei julegåve til bestemor og bestefar. Då gjekk eg ut i garasjen for å finne på noko, fortel Lukas.

Då han stod der fekk han ein idé om å spikre juletre av plankar. Gåva vart ein suksess, så i god tid før jula 2020 laga han 15 tre saman med veslebror Leo. 

Fekk plutseleg 60 bestillingar

Dei spikra og olja trea til julemessa i Ølen, men så vart arrangementet avlyst grunna korona.

GOD HJELPAR: – Leo har pussa hjørner på trea og hjelpt til med olja. Så han gjorde at det gjekk ein god del raskare, fortel Lukas. Foto: Privat

– Då tenkte eg at mamma kunne leggje det ut på Facebook, og 10 minutt etter ho gjorde det, var alle utselt, fortel han. 

Men det stoppa ikkje der. 

– Totalt blei det 60 bestillingar. Vi har selt alt vi laga, ler Lukas.

– Vi kjøpte plankar, kutta dei opp, spikra dei saman og olja dei. Vi brukte ein mal eg laga, slik at det vart litt enklare. Så kjøpte vi inn juletrelys til ein del av trea, fortel han. 

GÅVE: – Det byrja året før då eg tenkte eg skulle lage ei julegåve til bestemor og bestefar, fortel Lukas. Foto: Privat

God gjerning

– Leo har pussa hjørner på trea og hjelpt til med olja. Så han gjorde at det gjekk ein god del raskare, fortel Lukas.

Veslebror fekk 30 prosent av pengane dei hadde att etter at dei hadde betalt alle utgifter.

På senteret i Ølen sette Frivilligheitssentralen opp eit juletre med ønskje frå barn i familiar med låg inntekt før jul. På treet hang mange papirhjarte med ønskje skrivne på. 

– Lukas henta eit hjarte og brukte pengane frå juletresalget til å kjøpe ei gåve til ein gut på 10 år som ønskja seg ein leikepistol, fortel mamma Turid Berge-Olsen.

LYS: Gutane kjøpte inn juletrelys til ein del av trea.