Dette skjer når den nye presidenten tek over

USA-ekspert Sofie Høgestøl fortel kva som skjer når Joe Biden tek over som president i USA.

Joe Biden må fyrst avleggje ein eid ved at han legg handa sin på ein bibel medan han svergar til Gud at han vil vera ein god president i USA, fortel Sofie.

Biden skal leie eit land med heile 330 millionar innbyggjarar. 

Han kjem inn midt i ei akutt koronakrise. Så det fyrste han må gjere er å skaffe vaksine til alle. Då må han kanskje spørre om pengar frå kongressen for å få det til. Det er nemleg dei som bestemmer over pengesekken. Slik som Stortinget gjer i Noreg, seier ho.

Artikkelen held fram under bilete.

USA-EKSPERT: Sofie Høgestøl. Foto: NTB / Geir Olsen

Betre krisepakkar

Det er også håp om at Biden skal lage nye, betre krisepakkar. 

Det betyr at han vil få folk i arbeid slik at dei klarar seg økonomisk, seier Sofie.

I valkampen har Joe Biden fleire gongar sagt at han vil forene landet. 

Akkurat no er det ganske mange Trump-tilhengarar som trur at Biden har fuska til seg valsigeren, så det blir spennande å sjå korleis Biden skal få det til. Det er det eg er mest spent på, seier ho.