Joe Biden blir ny president – no får USA ny førstehund

Donald Trump er den første presidenten på over 100 år som ikkje har hund. Men med Joe Biden som president blir det andre boller.

Hundar i det kvite huset, der presidenten i USA bur, har lange tradisjonar. Donald Trump er den første presidenten på over eit århundre som ikkje har ein såkalla førstehund i det kvite huset.

Ifølgje the Presidental Pet Museum har alle presidentar tilbake til 1901 hatt minst éin hund. Då budde presidenten William McKinley i det kvite huset. Som kjæledyr hadde han ein dobbel gulhovuda amazonpapegøye, ein angorakatt og nokre hanar. Men altså ingen hund.

Godt triks å ha hund

Komikar og aktivist Dick Gregory meinte at det var eit bra triks for ein presidentkandidat å ha ein hund, sidan det verkar som om folk tenkjer at viss ein hund kan elska presidentkandidaten, så kan han ikkje vera så ille.

Laurdag viste oppteljinga av stemmene at Joe Biden har vunne nok statar til at han blir ny president.

Biden fekk seg hund for to år sidan. Då adopterte han Major – ein tysk fårehund.

Joe Biden med hunden Major, som han adopterte i 2018. Foto: Delaware Humane Association

Den eldste presidenten

Det var eit lurt val, meiner retorikaren Jens E. Kjeldsen. I eit intervju med Framtida.no før valet sa han dette:

– Ein stor og sterk tysk fårehund styrkar inntrykket av at mannen som har hunden må klara å halda han, seier Kjeldsen, som også tykkjer Major verkar som sjarmerande og gøyal hund.

Joe Biden fyller 78 år 20. november, og blir den eldste presidenten USA har hatt. Då er det nok viktig for han å visa fram at han er i god nok form til å ha ein stor og livleg hund.

Ikkje snill

Men den noverande presidenten, Donald Trump, har altså verken hund eller andre kjæledyr. Trump er ikkje så oppteken av å verka snill, slik presidentar i USA vanlegvis er, fortel filosofiprofessoren Kevin Cahill.

– Han gjer ikkje noko forsøk på å presentera seg sjølv som snill, sa Cahill før valet.

Det har truleg ikkje vore så lurt av Trump. For å bli president i USA må ein prøva å visa seg fram som ein person mange kan lika. I USA er det større skilnadar mellom korleis folk har det og kva dei meiner enn i Noreg, men hundar er noko dei fleste har sansen for.

President Donald Trump er den første presidenten på hundre år som ikkje har ein hund. (AP Photo/ Evan Vucci)