Julian (11) drøymer om å spele for Arsenal

Når laget møter til fotballtrening, har Julian Madsen (11) allereie vore på plass eit par timar. Han trenar målretta mot draumen han har hatt sidan han var liten.

Med berre 4 grader i den bekmørke lufta, tuslar dei siste spelarane heim frå treninga om kvelden i Askvoll ytterst i Sogn og Fjordane. Lyskastarane står på ei stund til før dei blir sløkte, så Julian har tid til litt meir trening før han syklar den korte vegen heim. Å vere ein av dei næraste naboane til banen kjem godt med når han brukar kvar einaste ledige augneblink av dagen med ein ball i føtene.

Ikkje berre ein draum

Julian er ikkje aleine om å drøyme stort når det kjem til fotball. Men for den joviale elleveåringen er det ikkje berre ein draum – det er eit mål han har bestemt seg for å nå. Og han veit at for å komme seg til Arsenal, så må han trene. Skikkeleg.

JAKTAR EIGEN REKORD: Det går med mange timar i veka til triksing. I sommar sette Julian førebels rekord med 1195 touch på ballen utan at han gjekk i bakken. Foto: Guro Lindseth Nes

Draumen er å bli like god som Pierre-Emerick Aubameyang eller Thomas Partey.

– Eg trenar fotball minst fire timar kvar dag, men i helgene blir det heldigvis tid til meir. Viss det er ein dag eg er sjuk og ikkje kan vere på banen, speler eg i alle fall FIFA, seier Julian. På veg til rommet for å finne fram fotballskoa han fikk som eittåring, må han akkurat innom TV-stua og sjekke korleis det gjekk då Arsenal spelte kamp mens han sjølv var på trening.

Bestemte seg i barnehagen

Mamma Julie og pappa Stian er klare på at dette er noko Julian styrer heilt sjølv. Middag og lekser kjem alltid først, før han forsvinn rett opp på banen.

– Allereie då han gjekk i barnehagen skulle han stadig opp på banen for å spele fotball, og det var ikkje så nøye om vi var med eller ikkje, hugsar Julie.

I huset har dei passa på å rydde unna det meste av pyntegjenstandar, fordi det alltid er ein ball i omløp i eit av romma. Veggane i loftstua er no nymålte etter elleve år med innandørs fotballtrening. Julian er glad for at foreldra har late han få halde på så mykje med ball innandørs dei gongene han ikkje kan dra opp på banen.

KULE MED KRAFT: Det er ikkje utan grunn at journalisten lot vere å melde seg som keeper under skot-trening. Foto: Guro Lindseth Nes