Teikneserieskapar Jenny Jordahl: – Det er ikkje meg eller deg det er noko gale med

Ei ny undersøking viser at éin av tre mellom 9 og 12 år har fått reklame for vekttap. Jenny Jordahl si nye bok handlar om ei alvorleg følgje av det auka kroppspresset.

Har du eigen smarttelefon? Likar du å surfe på nettet eller sjå på innhald i sosiale mediar?

Då er du kanskje ein av dei mange barna mellom 9 og 12 år som har sett reklame for å gå ned i vekt eller få større musklar. Ifølgje Medietilsynet si nye undersøking har éin av tre barn i denne aldersgruppa sett slik reklame, og dei er bekymra for kroppspresset som stadig yngre barn blir utsette for. 

– Dette er alvorleg, og det er viktig å diskutere kva som kan gjerast for å minske denne typen press mot barn og ungdom, seier direktøren i Medietilsynet, Mari Velsand til NRK. 

– Vi ser at stadig yngre barn får vanskelege kjensler knytt til eigen kropp, fortel Jenny Jordahl. – Barn lever ikkje i ei boble, men blir utsett for det same kroppspresset som er elles i samfunnet. Illustrasjon henta frå Hva skjedde egentlig med deg?

Kroppspress frå alle kantar

Forfattaren og teikneserieskaparen Jenny Jordahl (31), kjend for bøker som Grønne greier og Hannemone og Hulda, har lenge vore oppteken av å kjempe mot kroppspress. 

– Eg prøver å unngå å sjå på reklamer som får meg til å kjenne meg dårleg. Men det er vanskeleg når vi lever i ei verd der kroppspresset kjem frå alle kantar, heile tida! 

Sjølv om det framleis kan vere utfordrande, synest Jenny at det har blitt lettare å takle presset etter som ho har blitt eldre. 

– Eg har forstått at det ikkje er meg eller deg det er noko gale med, seier ho.

– Problemet er alle selskapa som tener pengar på å gjere oss usikre på oss sjølve, så vi skal kjøpe det dei har å selge.

God nok slik du er

– Eg synest at Janne i boka mi er eit veldig kult barn. Det er synd at ho skal bruke så mykje krefter på å bekymre seg over kroppen sin, seier teikneserieskapar Jenny Jordahl.

Denne hausten har Jenny Jordahl gitt ut boka Hva skjedde egentlig med deg?. For historia sin hovudperson Janne, slår møtet med forventningane til kropp og utsjånad uheldig ut. 

Ho blir kalla feit av gutar i klassa, og ekkel i jentegarderoba, når ho er den einaste utan stringtruse. Då foreldra vil hjelpe 11-åringen å gå litt ned i vekt går det heilt over styr – Janne sluttar å ete i det heile. 

– Men det går bra med henne til slutt?

– Ja, heldigvis. Janne får god støtte frå foreldra sine, som gjer henne trygg på at ho er god nok slik ho er. Det er fryktelig viktig å vere snille og gode mot kvarandre, det kan vere til større hjelp enn ein trur. 

Eit kult barn

Jenny seier at ho håper den nye boka kan vere til støtte for barn i same situasjon som Janne. Og dei er det ein del av.

– Vi ser at stadig yngre barn får vanskelege kjensler knytt til eigen kropp, fortel ho.

– Barn lever ikkje i ei boble, men blir utsett for det same kroppspresset som er elles i samfunnet. 

Teikneserieskaparen synest at vi skal skifte fokus. For det er heilt andre eigenskapar enn korleis du ser ut som gjer deg til eit fint menneske. 

– Eg synest at Janne i boka mi er eit veldig kult barn. Ho har mykje kunnskap om dyr, liker å teikne, og er skikkelig god på dataspel. Det er synd at ho skal bruke så mykje krefter på å bekymre seg over kroppen sin.