Unge deler ikkje så ofte falske nyhende på nett

Eldre folk er dårlegare på å skilje mellom kva som er sant og falskt, seier forskar.

Etter at Donald Trump blei president i USA, har det vore mykje snakk om falske nyhende. Trump snakkar mykje om det sjølv også. Han meiner ofte at det er mediene som skriv noko feil om han. No meiner forskarar at han sjølv også har spreidd mange falske nyhende, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar har talt kor mange falske nyhende om koronaviruset som kjem frå Donald Trump. Forskinga deira viser at den amerikanske presidenten var nevnt i nesten 4 av 10 artiklar som sa noko feil om koronaviruset.

Dette kan vera farleg, meiner forskarane.

Mange kan få alvorlege problem med helsa, viss dei trur på mirakelkurane mot korona som mange av desse artiklane handlar om. Mange tenkjer jo at det presidenten i USA seier må vera sant. 

Eldre deler mest

Det er likevel ikkje Trump som har funne opp falske nyhende, sa forskar Bente Kalsnes på  Ungdatakonferansen nyleg.

Ho har funne at det ikkje er så lett for eldre å skilje i kva som er fakta og kva som er falske nyhende. Det handlar om at dei ikkje har lært seg å sjekke nettadressa eller namnet på nettsida dei er inne på. Eldre folk deler også oftare falske nyhende fordi dei deler så mykje på Facebook.

Barn og unge har lært på skulen korleis dei skal sjekke kva som er tull. Unge er heller ikkje så aktive på deling på Facebook.

– Difor er det ikkje så mange unge som deler usann informasjon, seier Kalsnes.

Korleis veit du kva som er falske nyhende?

  • Sjekk nettadressa og namnet på sida du er inne på.
  • Sjekk om artikkelen har namn på journalisten som har skrive saka.
  • Viss du les noko som verkar for godt til å vere sant, må du stoppe opp og tenkje over kor truverdig saka er. Er det «for godt til å vere sant», må du rett og slett søkje på nettet og finne andre kjelder.