Fann plast frå landbruket i nesten alle elvar på Vestlandet

Forskarar i Noreg har undersøkt 200 kilometer av botnane til 43 elvar på Vestlandet. Dei fann plast i nesten alle, og det var tre gonger meir plast frå landbruk enn all anna plast til saman.

– Dette syner at enkelte bønder må ha betre rutinar for handtering av plast, til dømes ved å ikkje la restar av rundballeplasten liggje ute der den er utsett for vêr og vind, seier Gaute Velle til NRK.

Han er prosjektleiar i Norce (Norwegian research center), og fortel til NRK at det er mykje plast i elvar som er i nærleiken av landbruk.

Bøndene må ta ansvar

Landsbruks- og matministar Olaug Bollestad (KrF) seier til NRK at kvar enkelt bonde er ansvarleg for å gjera noko med dette.

– Det er veldig uheldig at det blir funne plast frå landbruk i elvane. Det er opp til kvar enkelt gardsbrukar å sørge for at plast og anna søppel, ikkje kjem på avvege, seier ho.