Noreg skal slutte å sende plastsøppel til u-land

Frå 1. januar blir det ikkje lenger lov å sende plastavfall til utviklingsland. – Dette er kjempebra, seier Verdens naturfond.

– Dette gjeld plast som inneheld farlege kjemikaliar og som det er stor risiko for at blir spreidd i naturen om det blir handtert på ein dårleg måte, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til NRK.

No kan ingen berre sende søpla til eit ukjend land og håpe på det beste.

– No skal ein vite kva ein gjer. Det er eit  stort steg fram for miljøsaka og for å unngå gift i miljøet vårt, seier Rotevatn.

Generalsekretær i Verdens naturfond, Karoline Andaur, er nøgd med dei nye reglane.

– Dette synest eg er kjempebra, seier ho til NRK.