Vebjørn (10) fekk lære sjakk av Noregs supertalent

Vebjørn Tveiten fekk lære sjakk av stortalentet Sander N. Fuglestein (16). 

Fakta om sjakk:
  • Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda.
  • Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast. Dette blir kalla sjakk matt.
  • Viss ingen av spelarane klarer å setje motspelaren i sjakk matt, vert spelet remis, eller uavgjort.
  • Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla.
  • Sjakkspelet kjem opphavleg frå India, der det blei kalla tsjatoranga på sanskrit. Namnet kan omsetjast som «fire hærar», og fire spelarar kjempa om å vinna.
  • For å kunne spela sjakk treng ein eit sjakkbrett som har 64 ruter med to fargar fordelt på annakvar rute, og 16 brikker for kvar av spelarane, av seks forskjellige slag: ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder.
  • Sjakk kan spelast privat som ein hobby, og som konkurranseidrett i sjakklubbar, i nasjonale og internasjonale sjakkturneringar og i meisterskap som noregsmeisterskapen i sjakk og verdsmeisterskapen i sjakk.
  • Sjakk kan òg spelast på avstand og over tid, til dømes som fjernsjakk gjennom brev eller e-post eller på verdsveven. Det er òg utvikla mange sjakkprogram der ein kan spela sjakk mot ein datamaskin.
  • Ein flink spelar kan spela simultansjakk der han møter fleire motstandarar, med kvart sitt sjakkspel, samtidig.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Sander N. Fuglestein har vunne fleire store sjakkturneringar dei siste åra. Han reiste til Mumbai i India for å spele ungdoms-VM i 2019. Same år vann han gull i NM i sjakk i «kadettklassen» på heimebane i Haugesund. Sander har også vunne eit til NM-gull, i tillegg til at han har delteke i EM i sjakk.

Lærte nye metodar

Dagen vi i Framtida Junior møter han, er han leigd inn som kursleiar på kulturskulen i Skånevik for å lære barn å spele sjakk. Vemund er ein av dei heldige som har fått plass på det populære kurset.

Artikkelen held fram under bilete.

GØY: – Det var gøy å spele sjakk. Eg likar det fordi det er fint å kunne spele mot vener, seier Vemund. FOTO: Janne Nerheim

– Det var gøy å spele sjakk. Eg likar det fordi det er fint å kunne spele mot vener.

Vemund fortel at han har lært nye metodar.

– Eg har også fått prøve å bruke sjakk-klokke for fyrste gong, seier han.

Ei sjakk-klokke blir nytta for å måle tida som blir brukt mellom to personar det betenkningstida er avgrensa. 

Veldig gøy erfaring

Sander trivast godt med å vera kursleiar.

– Det er gøy! Litt ny erfaring for meg å vera lærar og ikkje elev. Det er kjekt å sjå at ungar trivast med sjakk.

Sjølv starta han å spele sjakk i år 2015. 

– Mitt forhold til sjakk byrja for fem år sidan då far min lærte meg det. Etter nokre veker byrja eg på klubben i Tysvær, og seinare på Karmøy. Eg syntes det var gøy, og eg hadde litt anlegg for det, fortel han. 

Sander vart god i spelet ganske raskt. Det gjorde at han blei motivert til å halde fram.

– At eg blei god raskt gjorde det lett å starte, og eg blei veldig godt tatt imot i klubben, seier han.

TALENT: Sander N. Fuglestein har vunne fleire store sjakkturneringar dei siste åra. FOTO: Janne Nerheim