Mot stemmerekord i det amerikanske presidentvalet

Aldri før har så mange amerikanarar førehandsstemt ved eit presidentval som i år. Fleire har valt å stemma med poststemmer, på grunn av den pågåande korona-pandemien. 

Ved forrige presidentval i 2016, valde 47 millionar å stemma på førehand. Før årets val, har over 100 millionar amerikanarar gjort det same, skriv Framtida.no

Dette kan føre til at det tek lenger tid enn normalt før me får vite kven som blir verdas mektigaste mann dei kommande fire åra.

Tek tid å telja

Poststemmene, som er ei form for førehandsstemme, tek som regel lenger tid å telja. Grunnen til dette er at det er meir arbeidskrevjande å godkjenna dei.

Ein må nemleg godkjenna underskrifta og sjekka at adressa på stemmesetelen er korrekt på desse stemmene, før dei kan bli godkjent.

Ulike framgangsmåtar i delstatane

Dei ulike delstatane har ulike måtar å telja poststemmene på.

I nokre delstatar, som mellom anna Ohio og Florida, statar dei å telja poststemmene fleire veker før valdagen. I andre delstatar, som mellom anna Wisconsin og Pennsylvania, startar dei ikkje med teljinga av poststemmene før på sjølv valdagen.

Dette gjer at resultata av valet kan vera uklare i fleire dagar etter valdagen.