Peter Pan og Dumbo er døme på Disney-klassikarar som Disney+ no har sett ei åtvaring på, skriv NRK.
Disney har vorte kritisert i fleire år for å ha stereotypiske framstillingar av ulike folkegrupper. Stereotypiske framstillinger tyder at dei har laga ei framstilling av korleis ei folkegruppe er. Ikkje berre enkelte menneske, men heile gruppa med menneske.
Peter Pan-filmen har vorte kritisert for å framstille den amerikanske urbefolkninga som dumme.
Vil ikkje fjerne innhaldet
No tek Disney sjølvkritikk.
– Dette var feil då, og er feil no, seier studioet til si eiga nettside Stories Matter.
Disney seier at i staden for å fjerne innhaldet vil dei heller oppfordre sjåarane sine til å reflektere over og snakke om dette, for å skape ei meir inkluderande framtid saman.