Magnus fekk intervjue statsministeren

12-åringen frå Arendal er ein av i alt 20 unge reporterar som var i sving under Arendalsuka.

– Det er nokon ting som er meir utfordrande enn andre ting. Det kan vere når ein skal stille fleire spørsmål at ein ikkje finn på noko, så det er difor me må bruka god tid på å finna gode spørsmål, seier Magnus Kvammen.

Han er éin av 20 som har søkt og fått plass i den lokale presseklubben til Childrens International Press Centre. Organisasjonen vart starta av åtte barneskular i Belgia. Dei har hovudkontor i Nederland og den einaste norske redaksjonen ligg i Arendal.

Intervjua med tilskodarar

Under Arendalsuka møtest kjente politikarar og personar frå mange organisasjonar til ein festival full av debattar. I tillegg er det mange journalistar som spør viktige folk viktige spørsmål.

Når Framtida Junior snakkar med søskena Ingrid og Magnus har dei nettopp intervjua ungdomspolitikarar om framtida i Nord-Noreg framfor eit fullt rom med tilskodarar.

Storebroren fortel at han ikkje vert nervøs, men for Ingrid Kvammen (10) er det litt avhengig av kor mange som sit i salen og kven dei skal intervjua på scena.

UNGE JOURNALISTAR: Magnus Kvammen (12) og Ingrid Kvammen (10) lærte mykje då dei fekk plass på Childrens International Press Centre. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Viktig lærdom

– Det er eigentleg ganske mykje viktig eg har lært. Litt korleis ein gjer det, slik at ein ikkje stoppar opp når ein skal gjere det, forklarar Ingrid.

Før Arendalsuka har dei 20 reporterane i alderen 9-18 år hatt ei veke der dei har lært seg å laga journalistikk, samstundes som dei lærer om korleis media fungerer og påverkar folk.

Dei har òg lært om foto, video og redigering, slik at dei kan gjere sakene ferdige og publisera dei på nett.

I tillegg til at han ikkje skal stilla ja/nei-spørsmål, er noko av det viktigaste Magnus har lært er korleis pressa jobbar og kor mykje førebuing som skal til i forkant av eit intervju.

– Eg synest det er gøy. Me lærer mykje av det, så er det veldig interessant for eg er i alle fall veldig interessert i politikk, så det er ein fin lærdom, seier Magnus.

Selfie med statsministeren

Dagen i førevegen intervjua Magnus statsminister Erna Solberg på Skattekammeret til Kirkens Bymisjon, der folk som ikkje har råd til eige sportsutstyr kan låne det gratis.

Magnus spurte statsministeren kva ho gjorde der og kva ho synest om det.

– Eg synest ho svarte bra og langt. Akkurat som eg håpte på, eigentleg. Så fekk me selfie med ho på slutten, seier Magnus.

Begge søskena rår andre til å melda seg på og tørre, dersom dei har lyst å prøva seg.

– Viss ein er usikker, så burde ein prøve. Viss ein finn ut at det er litt vanskeleg kan ein berre droppe det, men det er i alle fall lurt å prøve, seier Ingrid.