TikTok-utfordringar du bør unngå

Mange av dei populære TikTok-utfordringane er harmlause og kjekke. Men slett ikkje alle.

TikTok er eit sosialt nettverk for videodeling, som nesten 500 millionar menneske brukar. Sjølv om det har 13 års aldersgrense er éin av tre norske tiåringar på TikTok, i følgje ei undersøking gjort av Kantar.

Ein type innhald som er populært i appen er utfordringar. Desse kan vere kjekke og harmlause, men det er ikkje alltid så lett å vurdere sjølv. Dersom ein vil gjennomføre nokon slike bør ein fortelje det til ein vaksen, som kan hjelpe til med å snakke om kva for nokre utfordringar som er for farlege. 

Her er ei liste over nokre utfordringar du i alle fall bør styre unna:

  1. Penny challenge: Å setje ein telefonladar nesten inn i ei stikkontakt, for så å stikke ein mynt inn mellom støpselet og stikkontakta. Dette kan du rett og slett døy av, og fleire har allereie mist livet som følgje av denne utfordringa.
  2. Bright eye challenge: Å blande saman farlege ingrediensar som bleikemiddel og  handsprit og legge det på auget i eit heilt minutt. Føremålet er å forandre fargen på auget, men det verkar ikkje. Det einaste du oppnår er å risikere å miste synet på auget.
  3. Tide pod-challenge: Å utfordre kvarandre til å bite over ein oppvasktablett. Mange har blitt innlagt på sjukehus med forgiftning.
  4. Hot water-challenge: Å utfordre nokon til å drikke kokande vatn med sugerør. Dette gir alvorlege brannskader.