Bjørn Alexander er ny programleiar i Supernytt

Bjørn Alexander (31) byrja på teater i 6. klasse, og enda opp i Hollywood. No er han aktuell som programleiar i Supernytt.

– Folka i Supernytt gjer ein veldig god jobb for barn. Eg hugsar frå då eg var liten, at det ikkje var eit godt alternativ til Dagsrevyen. Når ein er ung så skjønar ein ikkje alltid heilt kva nyheitene handlar om, og det kan vera skremmande. Då er Supernytt ein fin stad som forklarar verda på barn sine premiss. Eg skulle ønskje det var eit slik då eg var barn, seier Bjørn Alexander.

GJENGEN: Bjørn Alexander skal jobbe saman med Selma Ibrahim og Ragnhild Telise. Foto: Geir Evensen, NRK

Som programleiar i Supernytt skal han jobbe saman med Selma Ibrahim og Ragnhild Telise

– Dei er to fantastiske menneske! Begge har ein herleg energi og måte å vera til stades på. Det er ein god miks av folk i resten av redaksjonen også. Frank Sivertsen, som er redaksjonssjefen vår, er veldig open og fin. Ingen forslag vi kjem med er for dumme. Så eg sit i grunn med ei kjensle av å vera ein del av ein storfamilie, seier Bjørn Alexander.

Det beste er å finne ein jobb som du likar så godt at du gløymer at du er på jobb

– Vi startar dagen klokka ni om morgonen. Då ser vi på kva som blir hovudnyhenda i dagens sending. Resten av dagen jobbar vi med å lage innhald til neste dag, fortel han.

Bjørn Alexander likar å kle seg ut og spele ulike roller. Han starta å spele skodespel i tidleg barnskulealder, og vart med i ei teatergruppe frå 6. klasse. 

Reiste på ferie

– Eg var på ferie i Los Angeles då eg var 16 år. Der møtte eg ein som lagar ein av dei største TV-seriane for Disney Channel. Han sa «du burde berre bu her!». Etter det tenkte eg at eg kanskje skulle det. Han sådde eit frø i meg.

ARIANA GRANDE: Tenk å få vera Ariana Grande fyrste veka på jobb! Eg måtte ned på kostymelageret og få på meg noko som glinsa. Paljettar og parykk. Og til og med litt lipgloss, ler Bjørn Alexander. Foto: Skjermdump / @supernyttnrk på TikTok

Då Bjørn Alexander var 20 år blei har verande i Los Angeles i eitt år. 

– Då tok eg litt skodespelartimar og blei kjend med byen og bransjen. Etter det året var over konkluderte eg med at det var det eg ville jobbe med, fortel han.

Etter ti år i USA kan han mellom anna skilte med erfaring frå både TV- og filmbransjen. Han har spela i fleire filmar og seriar – mellom anna i TV-seriar som «Game Shakers», «The Bold and the Beautiful» og «Unusual Suspects».

– Men no er det Supernytt som gjeld! Eg lev veldig her og no. I nuet! Eg trivast der eg har noko å gjera, og no er det Oslo og NRK Super som gjeld, seier han.