Åtvarar mot skremmande video på TikTok

Midt i rekka av søte hundefilmar dukka det opp ein ubehageleg videosnutt.

Barn heilt ned i tiårs-alderen har sett ein skremmande film som trendar på TikTok akkurat no. Videoen viser ein mann som tek sitt eige liv.

Mandag kveld blei Tale Maria Krohn Engvik, kjend som Helsesista, kontakta av ein ungdom som hadde kome over klippet midt i ei rekke filmar med søte hundar og kvalpar.

– Personen som fortalte meg dette har no kasta opp i fleire timar, skriv Helsesista i eit Facebook-innlegg.

(Saka held fram etter biletet)

Til foreldre og voksne som jobber med barn: I kveld ble jeg kontaktet av en ung voksen som hadde scrollet på videoer…

Geplaatst door Helsesista op Maandag 7 september 2020

Denne videoen er ifølgje Helsesista berre ein av fleire som liknar, som er veldig populære på TikTok no. Ho seier at barn ofte er raske med å vise og fortelje til venene sine dersom dei ser sjokkerande ting på nettet.

Men viss du har sett ein slik video burde du ikkje dele den vidare, men heller fortelje om det til ein vaksen du stolar på, skriv ho.

Tips for å unngå skremmande videoar

Den ideelle stifitinga Barnevakten, som gir råd om god mediebruk, har funne ut at 43% av barn og unge mellom 13 og 18 år har sett skremmande eller valdelege innslag på internett.

Dei har nokre tips til korleis du kan unngå mest mogleg av slike innslag:

  1. Ikkje klikk på negative emnetaggar som krig, opptøyer, katastrofar, osv.
  2. Klikk heller på positive emnetaggar, som fotball, ferie eller kattar.
  3. Ikkje klikk på filmar du anar kan vere ekle. Då får du forslag om fleire slike.
  4. Slett vener eller blokker brukarar som deler fæle filmar.
  5. Kryss av for “ikke mer av slike innslag” der det er mogleg.
  6. Ikkje del skremmande innslag med andre!

Snakk gjerne med ein vaksen om desse råda, og kva du kan gjere for å passe på deg sjølv og andre barn på internett.