Maur kan vera frekke små krigarar

Maur kan angripe andre tuer og ta kvarandre til fange. Nokre maur stel maurlarver og held dei som slavar i tua si.

– For maur handlar krig om konkurranse og kven som har rett til område, seier maurforskar Torstein Kvamme ved NIBIO til Ung.forskning.no.

Vi menneske krigar også om slike ting. Difor er det spanande å samanlikne maur og menneske, fordi deira samfunn minner om ein mini-versjon av vårt, ifølgje forskaren.

Artikkelen held fram under bildet.

Foto: NTB scanpix / Cornelius Poppe

Mauren sitt hemmelege språk

Når maur bestemmer seg for å krige, korleis snakkar dei om det? Maur har ikkje ord som oss. Men dei klarar å sende ut beskjedar til kvarandre likevel. Men korleis? Maur har sitt eige spesielle språk. Dei sender ut luktsignal frå kroppen, som andre maur kan fange opp med følehorna sine. Mauren lagar desse stoffa i giftkjertlar, i rumpa, nedst på beina og i ein kjertel nedst på magen.

Sidan maur har to følehorn, kan dei merke kva retning luktstoffa kjem frå. 

– Det liknar litt på måten vi høyrer kor ein lyd kjem frå fordi vi har to øyre, fortel Torstein.

Artikkelen held fram under bildet.

SKOGSMAUR: Raud skogsmaur finst nesten over heile verda.
Foto: Adam Opioła, CC BY-SA 3.0-lisens

Alle veit kva dei skal

Maur er ein talrik familie som er i slekt med veps. Dei fleste artane er under 1 cm lange, og det er funne over 12.500 artar i verda. Men, det blir stadig oppdaga nye. I Noreg finst det 66 artar. Det er ikkje så mange her i landet fordi det er så kaldt her. Det er faktisk funne maur på alle kontinent, bortsett frå Antarktis. 

Her i Noreg ser vi dei ofte i store tuer der dei arbeider saman om å samle inn mat.

I ei tue er det oftast tre typar maur: hannar, hoer og arbeidarar. Hos nokre artar finst det også soldatmaur. Nokre arbeidarar er spesielt gode på å samle inn byggemateriale til tua, nokre samlar inn mat, nokre tek vare på larvene, og andre tek ansvar for flytting om dei skal til ei ny tue.

Slavesamfunn

Cirka 35 maurartar held slavar i tua. Rovmauren, som det finst mange av i Sør-Norge, har det slik. Den krigar mot og røver arbeidarpupper frå den fredelege sauemauren. Ei puppe er eit utviklingstadie mellom larvestadie og det ferdige insektet. Etter å ha røva pupper frå sauemauren si tue, klekker rovmauren nye arbeidarar i si eiga tue. Slik får dei endå fleire arbeidarar som kan byggje tua endå større.

Foto: NTB scanpix / Gorm Kallestad

(Kjelde: Wikipedia, Store norske leksikon, ung.forskning.no)