Ingunn Thon: Mitt sommarminne

No er det straks sommarfeire og skulefri. I år vil nok dei fleste feriere i Noreg på grunn av CONVID-19. Ingunn Thon har skrive ein tekst om sitt sommarminne frå då ho sjølv var barn og køyrde rundt i ein kokvarm bil.

Sumar summarium

INGUNN: Ingunn Thon er journalist, dukkespelar og forfattar. Ho har gitt ut boka Ollis på Samlaget. Foto: Pernille Walvik

Eg veit aldri når eg kan byrje med shorts. Kvart år somlar eg til langt uti juli, nokre gonger august før eg skjønar at eg kan ha på meg sumarens mest sumarlege plagg. Då eg var barn, og mamma bestemte over bror min og meg, fekk me nemleg ikkje bruke shorts før snøen hadde smelta på det høgaste fjellet. Men no bur eg i Oslo og kan ikkje sjå fjellet, så då veit eg heller ikkje når eg kan bruke shorts. Det er nemleg slik at nokre måtar å forstå og kjenne ting på blir til når ein er barn, og så endrar dei seg aldri. Til dømes himmelriket, eller julestemning, eller sumarkjensle.

Ein kokvarm bil

Kva får du sumarkjensle av? Eg får det når eg set meg i kokvarm bil. For kvar sumar då eg var barn var me på biltur. Inn og ut av kvar krik og krok i landet. Saman med mamma, gommo og bror min. Eg fylte baksetet med puter og pledd, pakka teikneserieblad, bøker og walkman. Ein dings ein brukte for å høyre på musikk og lydbøker. Mamma køyrde, gommo var underhaldningsbas, og bror min var teknisk sjef (han hadde med batteri til dingsar som trengte det).

Då lo me uss nesten i hel

Me gjetta bilfarge og bilmerke, laga namn av nummerskilt, gaula rim og regler av full hals. Gommo hadde med bastveska si med slitte spørjebøker, og stilte oss hundretals spørsmål om kven den var og den var. Ei gong svara bror min «I don’t know», og gommo som aldri hadde hatt engelsk på skula sa «Nei, han er norsk». Då lo me uss nesten i hel. Det var berre flaks at mor mi ikkje køyrde av vegen.

Foto: Privat

Den raude plastkjølebagen

Veit du kva blått vegskilt med bilete av tre og benk betyr? Det er skiltet for rasteplass. «Rasteplass!» gaula bror min og eg i kor, så fort me såg det. For på rasteplassen drog mamma fram den raude plastkjølebagen. Den som var fylt med alt som er godt. Pizza, gommoloff, potetlomper, marmorkake, lappar og juiceboksar. Nokre gonger var det overskya og kaldt. Då var det berre å få på seg alt av klede, for på rasteplass skal ein sitta ute og sjå på naturen. Andre gonger var det knallsol. Så gloheit at me brann uss på setebelta då me skulle reise vidare. Me måtte køyre med vindauga nede, og gommo tok på skaut for å redde seg sjølv frå den grufulle trekken. Dette var før ein kunne trykke på ein knapp for å få perfekt temperatur inni bilen, ser du.

RAUD KJØLEBAG: Ingunn kikar gjennom bakluka der den raude plastkjølebaggen ligg. Stappfull av alt om er godt.(Foto: Privat)

Sleva nedover sikkerheitsselen

Me køyrde så langt og masa så mykje, og vart så trøytte, at me sovna med hovudet dinglande mot brystkassa, og gommo tok bilete av oss fordi ho syns me var himla søte der me sat og sleva nedover sikkerheitsselen.

Slik var sumrane mine då eg var barn, kort oppsummert. Så ikkje bli lei deg sjølv om statsministeren ber oss om å ta Noregsferie i år. Det er den beste ferien, spør du meg!