– Dei som likar og deler stygge kommentarar er også mobbarar

Du ser at nokon blir mobba, men du gjer ikkje noko. Mobbar du då? – Ja, det gjer du, seier Sara Elise Aanerud (11).

FAKTA: Om mobbing
  • I Elevundersøkinga 2019 svara 1,8 prosent av elevane at dei blir mobba digitalt to til tre gongar i månaden eller oftare. Nær 49 prosent av elevane som blir mobba digitalt, opplever også tradisjonell mobbing.
  • Éin av 20 elevar svarar at dei blir mobba av andre elevar på skolen to til tre gongar i månaden eller oftare (i Elevundersøkinga 2019). Dette er det same som i 2018. Av desse svarar 67,5 prosent at dei blei kalla stygge ting og erta på ein sårande måte. 44,6 prosent blei haldne utanfor og baksnakka, mens 26,3 prosent opplevde fysisk mobbing.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Når du ikkje gjer noko for å stoppe mobbing, er du ein del av mobbinga, seier Sara Elise. Ho kjenner fleire som har opplevd mobbing, og er bevisst på kva ho likar og ikkje likar på internett.  

– Eg trur at nokon ser mobbing, og hatar det som skjer, men ikkje tør å seie ifrå. Nokre trykkjer «likar» eller set eit hjarte ved mobbekommentarar eller bilete folk har lagt ut på nett. Eg trur mange gjer det utan å tenkje på at dei er med på å mobbe, seier Sara Elise.

– Viss du likar noko som er mobbing, så er du også ein mobbar, seier ho.

Tenk over kva du likar

– Eg «likar» ikkje noko som er stygt. Eg har sett at nokon skriv at dei hatar andre på TikTok, men der går det heldigvis an å rapportere kommentarar, og det er veldig bra, seier Sara Elise.

Ho meiner ein aldri skal videresende, like eller dele mobbing. Det finst berre eitt unntak frå denne regelen:

– Viss du vidaresender det for å vise det til ein vaksen, er det ikkje mobbing. Det er den einaste gongen det er lov å dele mobbing, seier ho.

Gje beskjed uansett

Sara Elise trur det er vanskelegare å gje beskjed om mobbing som skjer ansikt til ansikt enn mobbing som skjer på nett. 

– På nett kan du berre vise det som står på skjermen. Be den vaksne om å sjå på det nokon har lagt ut, seier Sara Elise. 

Ho er ikkje i tvil om at ein alltid skal gje beskjed – uansett om det er på nett eller i røynda. Alle barn har rett til å bli tatt på alvor når dei fortel om mobbing. 

Mobbaren gir opp viss ingen ser på

– Tilskodareffekten ved mobbing er stor. Viss ingen ser på, ler eller applauderer, gir mobbaren opp, seier rektor på Austbø skole, Terje Angelskår til Utdanninsnytt.no.

Han er spesielt oppteken av dei som ser på at andre blir mobba.

– Å sjå på mobbing er nesten like galt som å mobbe. Når du er tilskodar, gjer du noko, seier Angelskår.

Det er mange som er involvert i en mobbeepisode: den som blir mobba, mobbaren og dei som ser på. Mobbaren er pådrivaren, men han eller ho er avhengig av dei andre rundt. Dersom dei andre ikkje gir mobbaren merksemd, eller gir han eller ho negativ tilbakemelding, er sjansen stor for at mobbaren sluttar å mobbe. 

 

Visste du at? 

Det er straffbart å vidaresende eller dele krenkande meldingar eller bilde.