Frå i dag er det forbode å tenna bål i skog og utmark

Frå 15. april til 15. september er det bålforbod i Noreg.

Det betyr at det er forbode å tenna opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Det er framleis lov å gjere opp bål under sikre forhold. Her er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sine tips til trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vera i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkkja ved behov.
  • Ha eigna sløkkjemidlar lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmateriale og anna søppel.
  • Når du forlèt bålplassen skal bålet vera heilt sløkt.

Så langt i år har det vore over 100 brannar i Noreg, ifølge tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, ifølgje NRK.