Elea (8) lagar softis

Elea Nerheim Myrtvedt viser deg korleis du lagar heimelaga softis på 20 minutt!

Dette treng du:

  • 1,5 dl fløyte
  • 1,5 dl mjølk
  • ¼ ts vaniljesukker
  • 1/2 dl sukker
  • 25 isbitar
  • 5 ss havsalt

Utstyr: 

  • Ein visp
  • Tre skåler 
  • To fryseposar
  • Litermål
  • Handkle
  • Topping (valfri)

Slik gjer du:

  1. Bland sukker og vaniljesukker i ei skål, og fløyte og mjølk i ei anna skål.
    Så tømer du begge blandingane opp i den eine brødposen og knyter ein god knute på posen (viktig at det er litt luft i posen).
  2. Rist posen i 30 sekund.
  3. Legg isbitar i den andre posen og tilsett havsalt.
  4. Legg posen med fløyte og mjølk oppi den andre posen med isbitar og vatn, og knyt posen godt att.
  5. Pakk posen inn i eit handkle og rist i cirka 4 minutt, eller til isblandinga er blitt til mjuk is.
  6. Klypp opp posen med saltblanding og ta ut posen med softis.
  7. Klypp eit hol i eine hjørna på posen med softis, og sprut i ei skål. Det er viktig at du er forsiktig – hugs at det er restar av saltvatn på posen.
  8. Pynt med nonstop, oreokjeks eller noko anna du likar på isen!
Foto: Elea Nerheim Myrtvedt