Lagar tåregass-is for å støtte Hongkong-protestane

Ein lokal iskrembutikk sel no is som gjev den same ubehagelege opplevinga som tåregass.

– Det kjennest først vanskeleg å puste, og den er veldig skarp og irriterande. Den gjer at eg får lyst til å drikke mykje vatn med ein gong, fortel Anita Wong til nyheitsbyrået Associated Press, som først omtalte saka.

Ho smakar på ein ny isvariant i ein iskrembutikk i Hongkong. Hovudingrediensen er svarte pepperkorn, og som Wong også konstaterer, den smakar som tåregass.

– Ikkje mist lidenskapen

Iskremkunden Anita Wong har tidlegare delteke på masseprotestane i Hongkong og har sjølv vorte utsett for ein av dei 16.000 rundane med tåregass som styresmaktene i Hongkong seier har vorte avfyrte.

Wong fortel AP at isen minner ho på at ho ikkje må gløyme kor ilt det var. Det var også målet då iskremen var skapt:

– Vi ville lage ein smak som minner folk på at dei framleis må halde fram i protestrørsla og ikkje miste lidenskapen sin, seier den anonyme 31-årige butikkeigaren til AP.