Flyktningane treng hjelp – i dag!

Korleis har folk hjarte til og si nei til gråtande flyktningar som endeleg har kome fri frå heimlandet sitt?

Kanskje hagen, huset, skulen eller jobben deira er bomba? Kanskje eit barn er bomba? Bare sjå det for deg: Du er ni år, du er heilt aleine, skulen din blei bomba i går. Du er ikkje sikker på om foreldra dine lever. Kanskje det er ingen i familien din som lever? Kanskje huset ditt er også bomba? Du er så usikker at du ikkje veit kor du skal gjere av deg. Så får du tilbod om og vere med i ein knøtliten gummibåt som skal over Middelhavet og prøve på lykka i det «flotte» Europa. Du har ikkje noko val. Du takkar ja. Du har vore i denne vesle båten i dagar no og du anar ikkje lenger kor du er. Det kjem vatn inn i båten, du kan ikkje symje, ingen andre i båten kan symje. Det er kanskje 30 menneske rundt deg i full panikk. Det dett folk ut i vatnet. Du dett også ut i vannet. Du hyperventilerer og gret. Under deg er det fleire tusen meter med vatn. Du anar ikkje kva du skal gjere, om du døyr dei neste minutta eller kva?

Dette er ALLE nødt til og ta tak i dag. Ikkje tenk: Nei, eg er berre ein person og klarar ikkje påvirke så mange. Tenk heller: Men ALT hjelper, uansett om eg gir 20 kroner til ein organisasjon som hjelper dei. Dette kan påvirke vennen min, som også vil hjelpe flyktningane og gir 20 kroner til flyktningane. Viss alle i Norge hadde gitt 1 krone kvar kunne vi samla inn 5 millionar kroner! Som kunne redda MANGE liv. 

Innlegget er skriven i forbindelse med skrivekonkurransen til Framtida Junior.