Torbjørn (10) har hogd ved i fire år – no har han kjøpt plenklippar

Torbjørn har solgt så mykje ved at han har fått nok pengar til å kjøpe seg ein plenklippar han kan sitje på. Neste mål er å få råd til ein traktor.

– Eg har stått her i to månedar og saga no, seier Torbjørn Tørnes Naas til NRK. Han bur i Drangedal og har saga tømmer og kappa ved sidan han var seks år. 

I fjor kappa han ved til 30 sekkar. I år har han 40 sekkar han skal selge.

– Dei fleste hentar sjølv – men eg har ein kunde som eg stablar ved for. Då får eg hjelp av pappa. Dei er litt tunge desse sekkane, seier Torbjørn.

Foto: Privat

Jobbar mot eit mål

Torbjørn sagar og kappar alt for hand. Det han sagar skal ikkje vera lenger enn 30 centimeter. Så kappar han det i to og puttar vedkubbane i sekkar.

No har han brukt pengane han har tent på veden til å kjøpe seg ein plenklippar han kan sitje på.

Det neste målet er å kjøpe seg ein traktor. 

Aldersgrensa på plenklipparar ein kan sitje på er 15 år, men far seier til NRK at han tek ansvar for klipparen, og at køyringa går under ordna former.

Det var Drangedalsposten som skreiv om saka fyrst.