Småskulen er tilbake på skulen

Elevar på 1. - 4. steg er no tilbake på skulen. Men det er mykje som er annleis enn tidlegare.

Barn som er i risikogruppa, eller har foreldre eller søsken som er det, skal halde fram med heimeskule.

Risikogruppa inkluderer personar med kronisk lungesjukdom – som astma – diabetes, kreft, hjarte- og karsjukdom og høgt blodtrykk. Grunnen til at desse er ekstra utsett for koronasmitte, er auka risiko for komplikasjonar frå sjukdommen, skriv NRK.

Mange elevar er plasserte i mindre grupper. Og det er stort fokus på handvask.