Folkemuseet vil ha minna våre frå koronatida

Norsk Folkemuseum ber om hjelp frå befolkninga til å samle inn minne frå akkurat den tida vi lev i no - nemleg koronatida.

Museet vil dokumentere det uvanlege kvardagslivet vårt. Minna skal bevarast for historien. Dei ber deg difor sende inn tekst og bilete som viser korleis din kvardag er no.

Gå inn på Minner.no. Der finn du meir informasjon.