Du kan bidra til ein dokumentar om koronatida

Ein dag vil vi spørje oss: Korleis hadde barn det under koronatida våren 2020? - No blir derfor barn invitertfrå heile Noreg til å dokumentere desse dagane - til å skrive norgeshistorie frå barnehøgde!

Vi er inne i ein spesiell og historisk periode. Noreg er lukka ned og vi er «innestengt». I fleire veker har Noreg vore saman kvar for seg. Korleis ser den nye kvardagen ut no som alt er snudd på hovudet? Korleis er det å vere barn i koronatida?

#innestengt – Barn og unge i koronatida

Barnefilmfestivalen og Vest-Agder-museet har gått saman om prosjektet #Innestengt og ønsker å dokumentere denne historiske perioden for framtida.

Alle barn og unge i alderen 6-16 år blir invitert til å delta med å vise fram kvardagen sin og kva dei er opptatt av i koronatida på ulike måtar.

Vil du delta med film, bilete og historier kan du gå inn her og lese meir om prosjektet.