Barneombodet ber foreldre om å lytta til fakta

Ei gruppe ekspertar anbefalte før påske å opna barnehagane og heile barnetrinnet éi veke etter påske. No ber Barneombodet foreldre om å lytta til dette.

Regjeringa valde å vera endå meir forsiktig og vil berre opna barnehagane 20. april, og så 1.-4.trinn ei veke etter.

At nokon foreldre skal vera uroa, er ikkje nokon grunn til å hindra barn sin rett til å gå på skulen.

– Mitt råd er: Lytt til fakta og ikkje så mykje til frykten, sa Barneombod Inga Bejer Engh på NRK Dagsrevyen måndag kveld.

Viktig rett

– For nokon er det heilt avgjerande for å læra. For nokre barn er det heilt umogleg å ha ei læringskurve som ein forventar når dei er heime. Det gjeld barn som har det utrygt heime, og barn som strevar med læring, seier Barneombodet, og legg til:

– For alle barn er det viktig å gå på skulen, og det er ein av dei viktigaste rettane barn har.

Nokre unntak

Barneombodet seier at det er enkelte familiar der nokon kan ha ein sjukdom som gjer at ein er i risikosona. Ho meiner at ein då må snakka med legen og skulen om kva ein bør gjera, og finna gode løysingar.

Les fleire nyhende om om koronaviruset her!