I Noreg er vi verdsmeistrar i panting

Panteandelen for boksar med energidrikk auka med 12 prosent frå 2018 til 2019. Årsaka er auka pant og auka miljøbevisstheit blant unge, meiner Infinitum.

I Noreg er vi verdsmeistrar i panting, og ni av ti flasker og boksar blir panta. For boksar med energidrikk har panteandelen derimot vore lågare.
Berre 69 prosent blei panta i 2018, og panteselskapet Infinitum meiner dette skuldast at energidrikk i stor grad blir drikke av unge på farta.
 
Tala for 2019 viser ein gledeleg auke på nesten 12 prosent, slik at heile 77 prosent av boksane blei panta.
– Vi er svært glade for at fleire energidrikkboksar kjem tilbake. Aluminium er eit etterspurt materiale, og alt blir resirkulert. Det betyr mykje spart energi og reduserte CO2-utslepp, seier Randi Haavik Varberg, som er direktør for informasjon og marknad i Infinitum.

Tre grunnar til panteauken

– Dette er nok ein kombinasjon av auka miljøbevisstheit blant unge, kommunikasjon frå Infinitum, og auke i pantesatsane. Infinitum har spissa sin kommunikasjon mot nettopp denne målgruppa og på-farten-segmentet. Panten på små boksar auka frå ei til to kroner hausten 2018. Saman gir desse tre faktorane ein veldig hyggeleg vekst, seier Varberg.
Totalt 75,8 millionar energidrikk-boksar blei panta i 2019. Desse utgjorde 1050 tonn med aluminium, som nå er blitt resirkulert.
Foto: Infinitum